HEKLA SELE TIL VALP

Eg brukar bomullsgarn når eg heklar seler, synes selane då vert veldig stabile og dei kan vaskast på 60 grader. Har her brukt tynt garn, og heklenål nr 3. D-ring og plastspenner får du kjøpt på diverse hobbybutikkar, t.d. har paracord.no godt utval av begge deler.

HER kan du lære meir om hekling om det er ei stund sidan sist.

Forkortinger som er brukte er: lm = luftmaske, fm = fastmaske, st = stav

Legg opp 8 luftmaskar (lm). La det vere ein god ende garn, den treng du seinare. Snu, hekle 1 lm (=første fm), deretter 1 fm i kvar luftmaske. Snu, hekle 1 lm (første fm), deretter 1 fm i kvar bue, siste fm i endemasken. Til saman 8 fm. Fortsett slik til arbeidet måler 8 cm.

På neste omgang heklar du slik: 1 lm (=første fm), 1 fm i neste bue, 1 st i kvar av dei neste fire buane, 1 fm i neste bue og ein fm i endemasken.

På neste omgang heklar du slik: 1 lm (=første fm), 1 fm i kvar av dei to neste buane, 2 fm i bue fire og fem (auke med to fm), 1 fm i kvar av dei to neste buane, 1 fm i endemasken

Snu, hekle 1 lm (første fm), deretter 1 fm i kvar bue, siste fm i endemasken. Til saman 10 fm.

Brett neste kanten på arbeidet inn om lag 2 cm og hekle det fast med garnenden frå opplegget.

No skal bryststykket delast i to seler som du heklar slik:

Start som før med 1 lm (=første fm), 1 fm i kvar av dei neste fire buene. Til saman 5 fm. Snu og fortsett slik til arbeidet måler ca 30-35 cm, alt etter kor stor kvalpen er.

Start nede på bærestykket igjen og strikk sele nr. to likeeins. Denne selen skal vere 12-15 cm.

Når du har hekla begge selane, kan du «prøve på» kvalpen. Tre den lengste selen gjennom lomma du hekla når du bretta inn enden på bryststykket. Legg bryststykket under magen på kvalpen, legg selane i kryss over ryggen. Dei skal då overlappe ca 2cm for å vere lange nok.

Tre endane på selane inn gjennom opninga på plastspennene. Pass på at selane ikkje har snurra seg. Eg brukar om lag 2 cm brett, så selen kan syast ut når kvalpen veks.

Prøv på selen igjen og fest saman selane med ei nål der dei kryssar på ryggen. Mål etterpå slik at du er sikker på at selane er like lange på kvar side mellom bærestykket og krysset. Hekle selane fast til kvarandre der dei kryssar.

Hekle fast D-ringen midt på krysset. Feste alle garnender – og du har ferdig sele til kvalpen din 🙂

Lukke til – helsing Siv 🙂